| Du må logge inn for å se denne siden | ||
Hurtigbåten og distriktspolitikkFylkesrådet har bestemt at samferdselstilbodet til folk som bur i Ytre Namdal skal gå saktare. Under dekke av eit svakt miljøargument er det signert ein kontrakt for ein mindre hurtigbåt som medfører nesten ein halv time ekstra reisetid frå øykommunen Leka til Namsos. Det er misforstått miljøpolitikk og dårleg distriktspolitikk. Øysamfunna og ytterkommunane i Nord-Trøndelag skal ikkje vere Nord-Trøndelags stabb for klimakutt ved å få svekka reisetilbodet såpass. Den nye båten vil heller ikkje kunne frakte gods og dermed mistar distriktskommunane viktige moglegheiter til å frakte varer raskt i akutte tilfelle. Det hadde blitt opprør om fylkesrådet forlangte ein halv time seinare trønderbane frå Trondheim til Steinkjer under dekke av eit redusert dieselforbruk på toget. Kommunane i Ytre Namdal er sterkt prega av fråflytting. Det er politikarane si oppgåve å fremme positivisme og optimisme. Den beste måten å gjere det på er å gjere reisene ut og inn raskare og betre. Det blir eit for stort paradoks for folk på Leka at det byggast firefelts motorvegar frå Trondheim til Steinkjer, medan hurtigbåten skal forbikøyrast av sjarkane uti Folla. (siste setning er spissformulert) Eg deltok i partidebatt i Rørvik kor representantane frå dei andre partia forsøkte å ro seg ut av “feilen” frå fylkesrådet. Det er ikkje nok å ro – då går det endå seinare. Dette handlar om innsparing i Namdalen for å bruke andre stader. Saka blei omtalt i Namdalsavisa Ved neste fylkestingsval håpar eg at Sosialistisk Venstreparti får større oppslutning slik at distriktsfokuset for Namdalen får eit løft. Fram til då håpar eg å få representere Namdalen med distriktspolitikk frå Stortinget og SV og ein miljøpolitikk som monnar. Dei største miljøgevinstane hentar vi ut av sentrale strøk. Distrikta skal bidra med sitt, men ikkje gjennom fråflytting.
Hurtigbåt, Namdal, Distriktspolitikk, Samferdsel, Kollektivtrafikk, Sosialistisk, Venstreparti, Trond, Martin, Sæterhaug, SV
Vist 165 ganger. Følges av 1 person. | ||